Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 40:18-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Steingolvet ved portane nådde like langt ut til sidene som dei. Dette var det nedste steingolvet.

19. Han målte avstanden frå den ytre porten til den indre føregarden. Det var hundre alner i aust og nord.

20. Og porten til den ytre føregarden, som vender mot nord, målte han i lengda og breidda.

21. Sideromma, tre på kvar side, og pilarane og porthallen hadde dei same måla som i den første porten. Lengda var femti alner, og breidda var tjuefem alner.

22. Vindauga, porthallen og palmane der var like store som i porten mot aust. Sju trappesteg førte dit opp. Porthallen låg innanfor.

23. Inn til den indre føregarden var det ein port rett imot nordporten, slik det var i aust òg. Frå port til port målte han hundre alner.

24. Så førte mannen meg mot sør. Og sjå, der var det ein port som vende sørover. Han målte pilarane og porthallen der. Dei hadde same mål som dei andre.

Les hele kapitlet Esekiel 40