Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 40:14-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Han rekna porthallen. Han var tjue alner. Omkring porthallen låg føregarden.

15. Frå den ytre porten til inst i porthallen var det femti alner.

16. Omkring i heile portrommet var det tronge vindauge mellom pilarane i sideromma. Inne i porthallen var det òg vindauge overalt. Pilarane hadde palmeornament.

17. Så førte han meg til den ytre føregarden. Sjå, der var det laga rom og lagt steinheller i heile føregarden. På steingolvet var det tretti rom.

18. Steingolvet ved portane nådde like langt ut til sidene som dei. Dette var det nedste steingolvet.

19. Han målte avstanden frå den ytre porten til den indre føregarden. Det var hundre alner i aust og nord.

20. Og porten til den ytre føregarden, som vender mot nord, målte han i lengda og breidda.

21. Sideromma, tre på kvar side, og pilarane og porthallen hadde dei same måla som i den første porten. Lengda var femti alner, og breidda var tjuefem alner.

22. Vindauga, porthallen og palmane der var like store som i porten mot aust. Sju trappesteg førte dit opp. Porthallen låg innanfor.

23. Inn til den indre føregarden var det ein port rett imot nordporten, slik det var i aust òg. Frå port til port målte han hundre alner.

Les hele kapitlet Esekiel 40