Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 40:10-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Det var tre rom på kvar side av austporten, og alle hadde same mål. Også pilarane på begge sider hadde same mål.

11. Han målte breidda på portopninga til ti alner og heile porten til tretten alner.

12. Framfor romma på kvar side var det rekkverk, kvart på ei alen. Og sideromma var på seks gonger seks alner.

13. Så målte han portrommet frå taket av det eine siderommet til taket av det andre. Avstanden var tjuefem alner. Døropningane vende mot kvarandre.

14. Han rekna porthallen. Han var tjue alner. Omkring porthallen låg føregarden.

15. Frå den ytre porten til inst i porthallen var det femti alner.

16. Omkring i heile portrommet var det tronge vindauge mellom pilarane i sideromma. Inne i porthallen var det òg vindauge overalt. Pilarane hadde palmeornament.

17. Så førte han meg til den ytre føregarden. Sjå, der var det laga rom og lagt steinheller i heile føregarden. På steingolvet var det tretti rom.

18. Steingolvet ved portane nådde like langt ut til sidene som dei. Dette var det nedste steingolvet.

19. Han målte avstanden frå den ytre porten til den indre føregarden. Det var hundre alner i aust og nord.

20. Og porten til den ytre føregarden, som vender mot nord, målte han i lengda og breidda.

Les hele kapitlet Esekiel 40