Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 40:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. I det tjuefemte året etter at vi hadde gått i eksil, ved nyttår, på den tiande dagen i månaden, i det fjortande året etter at byen var teken, på nettopp denne dagen kom Herrens hand over meg og førte meg dit.

2. I syn frå Gud tok han meg med til Israel og sette meg ned på eit veldig høgt fjell. Der var det mot sør ein bygning som likna ein by.

3. Dit førte han meg.Og sjå, ein mann, lik bronse å sjå til, stod i porten med linsnor og målestav i handa.

4. Mannen sa til meg: Menneske, sjå med auga og høyr med øyra og legg deg på hjartet alt det eg viser deg; for du er ført hit for å sjå. Alt det du ser, skal du fortelja til Israels hus.

5. Sjå! Utanfor tempelet gjekk det ein mur på alle kantar. I handa hadde mannen ein målestav, seks alner lang, kvar alen ei handsbreidd lengre enn den vanlege. Han målte murverket. Det var éin målestav tjukt og éin målestav høgt.

6. Så kom han til den porten som vender mot aust. Han gjekk opp trappa og målte terskelen i porten: éin målestav brei. Den første terskelen var altså éin målestav brei.

7. Kvart siderom var éin målestav langt og éin målestav breitt. Mellom romma var det fem alner. Terskelen til porthallen som vende mot tempelet, var éin målestav.

8. Han målte porthallen som vende mot tempelet. Terskelen var altså éin målestav.

Les hele kapitlet Esekiel 40