Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 4:7-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Vend så andletet mot det kringsette Jerusalem! Med berr arm skal du profetera mot byen!

8. Sjå, eg bind deg fast med tau så du ikkje kan snu deg frå side til side før du er ferdig med dei dagane du skal omringa byen.

9. Ta så kveite og bygg, bønner og linser, hirse og spelt, legg det opp i eit trau og bak brød av det! Så mange dagar som du ligg på sida, i tre hundre og nitti dagar, skal du eta av dette.

10. Maten du et, skal vega tjue sjekel om dagen. Dette får du å eta på eit døgn.

11. Vatnet òg skal du drikka etter mål, ein sjettedels hin får du å drikka på eit døgn.

12. Byggkaker skal du eta. Dei skal du steikja på menneskemøkk, rett framfor auga på folk.

13. Og Herren sa: Slik skal israelittane eta ureint brød mellom dei folkeslag eg driv dei bort til.

14. Eg svara: «Nei, min Herre og Gud, eg har aldri gjort meg urein. Frå ungdomen av og til no har eg aldri ete av sjølvdaude eller ihelrivne dyr. Og ureint offerkjøt er aldri kome inn i min munn.»

15. Då sa han til meg: «Sjå, i staden for menneskemøkk lèt eg deg bruka kumøkk til å steikja brødet ditt på.»

Les hele kapitlet Esekiel 4