Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 4:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Du menneske, ta ein teglstein og legg han framfor deg! På den skal du rissa inn ein by – Jerusalem.

2. Du skal omringa byen, byggja skansar mot han og kasta opp ein voll omkring han. Lat hærar slå leir rundt byen og still opp rambukkar mot han på alle kantar!

3. Ta deg ei jernplate og set henne som ein jernvegg mellom deg og byen, og vend andletet mot byen! Slik blir han omringa, og du går til åtak på han. Det skal vera eit teikn for Israels hus.

4. Legg deg så på venstre sida og legg Israels skuld over på den. Like mange dagar som du ligg slik, skal du bera skulda til israelittane.

5. Like mange år som dei har synda, like mange dagar lèt eg deg få, tre hundre og nitti dagar. Så lenge skal du bera Israels skuld.

6. Når du er ferdig med desse dagane, skal du leggja deg att, no på høgre sida, og bera skulda til Juda. I førti dagar, éin dag for kvart år, lèt eg deg bera henne.

7. Vend så andletet mot det kringsette Jerusalem! Med berr arm skal du profetera mot byen!

8. Sjå, eg bind deg fast med tau så du ikkje kan snu deg frå side til side før du er ferdig med dei dagane du skal omringa byen.

9. Ta så kveite og bygg, bønner og linser, hirse og spelt, legg det opp i eit trau og bak brød av det! Så mange dagar som du ligg på sida, i tre hundre og nitti dagar, skal du eta av dette.

10. Maten du et, skal vega tjue sjekel om dagen. Dette får du å eta på eit døgn.

11. Vatnet òg skal du drikka etter mål, ein sjettedels hin får du å drikka på eit døgn.

Les hele kapitlet Esekiel 4