Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 39:5-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. På open mark skal du falla. For eg har tala, seier Herren Gud.

6. Eg sender eld mot Magog og mot dei som bur trygt på kystane. Dei skal få kjenna at eg er Herren.

7. Eg vil gjera mitt heilage namn kjent i Israel, folket mitt, og aldri meir vil eg la mitt heilage namn bli vanæra. Då skal folkeslaga kjenna at eg, Herren, er heilag i Israel.

8. Sjå, det kjem, det skal henda, seier Herren Gud. Dette er dagen eg har tala om.

9. Då skal dei som bur i Israels byar, gå ut. Dei skal setja fyr på våpna og brenna opp både rundskjold og langskjold, bogar og piler, klubber og spyd. Dei skal fyra med dei i sju år.

10. Dei treng ikkje henta ved frå marka og ikkje hogga i skogane, for dei nører elden med våpna. Dei skal røva frå dei som røva dei, og plyndra dei som plyndra dei, seier Herren Gud.

11. Den dagen gjev eg Gog ein gravstad i Israel, i Abarim-dalen, «ferdadalen», austafor sjøen. Dalen skal stengja vegen for dei som ferdast der. Der skal dei gravleggja Gog og heile flokken hans, og dalen skal kallast Gog-flokkens dal.

12. I sju månader skal israelittane halda på med å gravleggja dei, så landet kan bli reint.

13. Alt folket i landet skal gravleggja dei og få ære av det den dagen eg viser min herlegdom, seier Herren Gud.

14. For at landet skal bli reint, skal dei setja nokre menn til stadig å dra gjennom landet. Dei skal gravleggja dei som undervegs vart liggjande att på marka.

15. Når dei fer gjennom landet og får auge på ein menneskeknokkel, skal dei setja opp eit merke der til gravarane kjem og gravlegg han i Gog-flokkens dal.

16. Der er det òg ein by som heiter Hamona. Slik skal dei gjera landet reint.

17. Du menneske, så seier Herren Gud: Sei til fuglane, alt som har venger, og til alle ville dyr: Kom saman, ja, kom saman frå alle kantar, til det offeret eg slaktar for dykk, eit stort slaktoffer på fjella i Israel. De skal få eta kjøt og drikka blod.

18. Kjøt av heltar skal de eta og drikka blod av fyrstane på jorda, som var dei vêrar og lam, bukkar og oksar, gjøfe frå Basan, alle saman.

19. De skal eta feitt til de blir mette og drikka blod til de blir drukne av offeret som eg slaktar for dykk.

20. Ved mitt bord skal de bli mette av hestar og ryttarar, av heltar og alle slags krigarar, seier Herren Gud.

Les hele kapitlet Esekiel 39