Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 39:21-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Eg vil visa min herlegdom mellom folkeslaga. Alle folkeslag skal sjå min dom som eg set i verk, og mi hand som eg legg på dei.

22. Då skal Israels hus forstå at eg, Herren, er deira Gud, frå den dagen og i all framtid.

23. Og folkeslaga skal forstå at Israels hus vart bortført på grunn av syndene sine. Fordi dei var trulause mot meg, løynde eg andletet for dei og gav dei i fiendehand, så dei alle fall for sverd.

24. Eg gjorde med dei etter deira ureinskap og brot; eg løynde andletet for dei.

25. Difor seier Herren Gud: No vil eg venda Jakobs lagnad og visa miskunn mot heile Israels hus. Eg brenn av lidenskap for mitt heilage namn.

26. Dei skal gløyma si vanære og all si truløyse mot meg når dei bur trygt i landet sitt og ingen skremmer dei.

27. Når eg fører dei heim att frå folka og samlar dei frå fiendelanda, vil eg gjennom dei visa meg heilag for auga på mange folkeslag.

28. Då skal dei kjenna at eg er Herren deira Gud. Eg førte dei i eksil til folkeslaga, men fører dei atter saman i deira eige land. Eg lèt ingen av dei vera att der.

29. Så vil eg ikkje meir løyna andletet for dei, for eg auser ut min Ande over Israels hus, seier Herren Gud.

Les hele kapitlet Esekiel 39