Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 39:14-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. For at landet skal bli reint, skal dei setja nokre menn til stadig å dra gjennom landet. Dei skal gravleggja dei som undervegs vart liggjande att på marka.

15. Når dei fer gjennom landet og får auge på ein menneskeknokkel, skal dei setja opp eit merke der til gravarane kjem og gravlegg han i Gog-flokkens dal.

16. Der er det òg ein by som heiter Hamona. Slik skal dei gjera landet reint.

17. Du menneske, så seier Herren Gud: Sei til fuglane, alt som har venger, og til alle ville dyr: Kom saman, ja, kom saman frå alle kantar, til det offeret eg slaktar for dykk, eit stort slaktoffer på fjella i Israel. De skal få eta kjøt og drikka blod.

18. Kjøt av heltar skal de eta og drikka blod av fyrstane på jorda, som var dei vêrar og lam, bukkar og oksar, gjøfe frå Basan, alle saman.

19. De skal eta feitt til de blir mette og drikka blod til de blir drukne av offeret som eg slaktar for dykk.

20. Ved mitt bord skal de bli mette av hestar og ryttarar, av heltar og alle slags krigarar, seier Herren Gud.

21. Eg vil visa min herlegdom mellom folkeslaga. Alle folkeslag skal sjå min dom som eg set i verk, og mi hand som eg legg på dei.

22. Då skal Israels hus forstå at eg, Herren, er deira Gud, frå den dagen og i all framtid.

23. Og folkeslaga skal forstå at Israels hus vart bortført på grunn av syndene sine. Fordi dei var trulause mot meg, løynde eg andletet for dei og gav dei i fiendehand, så dei alle fall for sverd.

Les hele kapitlet Esekiel 39