Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 38:4-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Eg fører deg omkring, eg set krokar i kjakane dine. Så fører eg deg ut med heile din hær, med hestar og ryttarar, staseleg kledde alle i hop, ein veldig flokk med langskjold og rundskjold, alle væpna med sverd.

5. Med dei er Persia, Kusj og Put. Alle saman har skjold og hjelm.

6. Gomer med alle sine fylkingar, Togarmas hus lengst i nord med alle sine fylkingar, mange folk er med deg.

7. Rust deg og gjer deg klar, du og heile flokken som er samla hos deg. Du skal vakta dei.

8. Når lang tid har gått, skal du kallast ut. Når åra er omme, skal du koma til eit land som er berga frå sverdet, til eit folk som er samla frå mange folkeslag på fjella i Israel, som lenge låg aude. Dei vart henta heim frå folka, og no bur dei alle trygt.

9. Du skal trekkja opp som eit stormvêr, du skal koma som ei sky og dekkja landet, du og alle fylkingane dine og mange folk med deg.

10. Så seier Herren Gud: Den dagen kjem noko opp i hjartet ditt, og du tenkjer vonde tankar.

11. Du skal seia: «Mot eit land utan vern dreg eg opp, eg går mot fredelege folk som bur trygt. Alle bur dei utan murar. Bommar og portar finst ikkje.»

12. Du vil rana og røva, ta bytte og rov og venda handa mot ruinar som på nytt er busette, mot eit folk samla frå andre folkeslag, som er i ferd med å samla seg buskap og gods, der dei bur på verdsens navle.

13. Folk frå Saba og Dedan, kjøpmenn frå Tarsis og alle ungløvene der skal seia til deg: «Er det for å rana du kjem? Er det for å røva du har samla hæren din, for å føra bort sølv og gull, ta buskap og gods og rana til deg eit veldig bytte?»

Les hele kapitlet Esekiel 38