Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 38:11-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Du skal seia: «Mot eit land utan vern dreg eg opp, eg går mot fredelege folk som bur trygt. Alle bur dei utan murar. Bommar og portar finst ikkje.»

12. Du vil rana og røva, ta bytte og rov og venda handa mot ruinar som på nytt er busette, mot eit folk samla frå andre folkeslag, som er i ferd med å samla seg buskap og gods, der dei bur på verdsens navle.

13. Folk frå Saba og Dedan, kjøpmenn frå Tarsis og alle ungløvene der skal seia til deg: «Er det for å rana du kjem? Er det for å røva du har samla hæren din, for å føra bort sølv og gull, ta buskap og gods og rana til deg eit veldig bytte?»

14. Difor skal du tala profetord, menneske, og seia til Gog: Så seier Herren Gud: Sanneleg, den dagen, når mitt folk Israel bur trygt, då skal du få vita det.

15. Då skal du koma frå staden din lengst i nord, du og mange folk med deg, alle til hest, ein stor flokk og ein veldig hær.

16. Du skal dra opp mot Israel, folket mitt, som ei sky for å dekkja landet. I dei siste dagar skal det skje: Eg fører deg mot landet mitt. Folkeslaga skal læra meg å kjenna når eg gjennom deg, Gog, viser meg heilag framfor auga på dei.

17. Så seier Herren Gud: Var det ikkje deg eg tala om i gamle dagar gjennom tenarane mine, profetane i Israel? I år etter år profeterte dei på den tida at eg skulle føra deg mot dei.

18. Den dagen, dagen då Gog går mot Israels-landet, seier Herren Gud, då skal harmen stiga opp i meg.

19. I min sjalusi og brennande harme seier eg: Sanneleg, den dagen skal det koma eit kraftig jordskjelv over Israels-landet.

20. Då skal dei skjelva for meg, fiskane i havet, fuglane under himmelen og dyra på marka, alt krypet som det kryr av på jorda, og kvart menneske som bur på jorda. Fjella skal styrta saman, berghyllene skal falla ned og alle murane falla i grus.

21. Då kallar eg sverd over han på alle mine fjell, seier Herren Gud. Den eine skal venda sverdet mot den andre.

22. Eg straffar han med pest og blod. Høljande regn og haglsteinar, eld og svovel lèt eg regna over han og fylkingane hans og over alle folka som er med han.

23. Slik viser eg meg stor og heilag og gjev meg til kjenne for auga på mange folkeslag. Dei skal kjenna at eg er Herren.

Les hele kapitlet Esekiel 38