Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 37:15-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Herrens ord kom til meg:

16. Du menneske, ta deg ein trestokk og skriv på han: «For Juda og israelittane, venene hans.» Ta så ein annan stokk og skriv på han: «For Josef – Efraims stokk – og heile Israels hus, venene hans.»

17. Set dei saman, stokk mot stokk, så dei blir til éin trestokk i handa di.

18. Når så folket ditt spør: «Kan du ikkje fortelja oss kva du meiner med dette?»

19. – då skal du svara: Så seier Herren Gud: Sjå, eg tek Josefs trestokk, som er i Efraims hand og hos Israels stammar, venene hans, og set han saman med Judas stokk. Så gjer eg dei til éin stokk, dei blir til éin i handa mi.

20. Stokkane som du skriv på, skal du halda i handa framfor auga på dei.

21. Du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, eg hentar israelittane frå dei folkeslaga som dei fór bort til. Eg samlar dei frå alle kantar og fører dei til deira eige land.

22. Så gjer eg dei til eitt folk i landet, på Israels-fjella. Alle skal dei ha ein og same kongen. Dei skal ikkje lenger vera to folkeslag og ikkje meir vera delte i to kongerike.

23. Då skal dei ikkje gjera seg ureine meir med avgudane sine og alt det motbydelege og alle brota sine. Eg vil berga dei frå alle stadene der dei levde i synd, og eg vil gjera dei reine. Dei skal vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud.

24. Min tenar David skal vera konge over dei, og alle skal dei ha éin gjetar. Dei skal følgja lovene mine og halda forskriftene mine, så dei lever etter dei.

25. Så skal dei få bu i landet som eg gav min tenar Jakob, og som fedrane dykkar budde i. Dei skal bu i det for alltid, både dei og borna og barneborna deira. Og min tenar David skal vera deira fyrste for alltid.

26. Eg gjer ei fredspakt med dei; det skal vera ei evig pakt. Eg lèt dei bli mange. Eg set min heilagdom hos dei for alltid.

27. Min bustad skal vera hos dei. Eg skal vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.

28. Folkeslaga skal kjenna at eg er Herren som helgar Israel, når min heilagdom er hos dei for alltid.

Les hele kapitlet Esekiel 37