Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 37:1-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herrens hand kom over meg. Ved Herrens ande førte han meg ut og sette meg ned i ein dal som var full av knoklar.

2. Han førte meg omkring mellom dei. Sjå, det låg ei stor mengd med knoklar utover dalen, og dei var heilt tørre.

3. Då sa han til meg: «Menneske, kan desse knoklane bli levande att?» Eg svara: «Min Herre og Gud, det veit berre du.»

4. Han sa: «Tal profetord over desse knoklane og sei til dei: Tørre knoklar, høyr Herrens ord!

5. Så seier Herren Gud til desse knoklane: Sjå! Eg lèt det koma ånd i dykk, så de blir levande.

6. Eg fester sener på dykk, legg kjøt på, dreg hud over og gjev dykk andedrag så de blir levande. Då skal de kjenna at eg er Herren.»

7. Eg tala profetord, som eg hadde fått bod om. Sjå, eg profeterte, og det tok til å buldra og skjelva. Knoklane la seg inn mot kvarandre, knokkel mot knokkel.

8. Eg såg, og sjå! – det kom sener og kjøt på dei, og det drog seg hud over. Men ånd mangla dei.

9. Då sa han til meg: «Tal profetord til ånda! Menneske, tal profetisk og sei til ånda: Så seier Herren Gud: Kom, ånd, frå dei fire vindretningane og blås på desse drepne så det kjem liv i dei.»

10. Eg tala profetord, som han hadde bode meg. Då kom det ånd i dei, så dei vart levande. Dei reiste seg opp og stod på føtene. Det var ein umåteleg stor hær.

11. Så sa han til meg: Menneske, desse knoklane er heile Israelsfolket. Høyr kva dei seier: «Våre knoklar har tørka inn, vår von er knust. Det er ute med oss!»

12. Tal difor profetord og sei til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, mitt folk, eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or grav. Så fører eg dykk til Israels-landet.

13. Mitt folk, de skal kjenna at eg er Herren når eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or grav!

14. Eg gjev dykk mi ånd, så de blir levande, og lèt dykk finna kvile i dykkar eige land. Då skal de kjenna at eg, Herren, har tala og sett det i verk, seier Herren.

15. Herrens ord kom til meg:

16. Du menneske, ta deg ein trestokk og skriv på han: «For Juda og israelittane, venene hans.» Ta så ein annan stokk og skriv på han: «For Josef – Efraims stokk – og heile Israels hus, venene hans.»

Les hele kapitlet Esekiel 37