Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 36:33-38 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

33. Så seier Herren Gud: Den dagen eg reinsar dykk for alle syndene dykkar, lèt eg dykk bu i byane, og ruinrøysane skal byggjast opp att.

34. Jorda som ligg aud, skal dyrkast og ikkje sjå ut som ei øydemark for alle som kjem forbi.

35. Då skal dei seia: Denne jorda som låg aud, har vorte som Edens hage. Og byane som låg i ruinar, i øyde og i grus, ligg der no som faste borger.

36. Dei folka som enno er att rundt omkring dykk, skal kjenna at eg, Herren, har bygd opp det som låg i grus, og planta der jorda låg aud. Eg, Herren, har tala og vil setja det i verk.

37. Så seier Herren Gud: Også denne bøna frå Israels hus vil eg oppfylla for dei: Eg gjer dei talrike som ein saueflokk.

38. Som flokken av heilage sauer, som sauene i Jerusalem på høgtidsdagane, slik skal ein flokk av menneske fylla dei byane som låg i røys. Og dei skal kjenna at eg er Herren.

Les hele kapitlet Esekiel 36