Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 36:26-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. Eg gjev dykk eit nytt hjarte, og ei ny ånd gjev eg inni dykk. Eg tek steinhjartet ut or kroppen på dykk og gjev dykk eit kjøthjarte i staden.

27. Og min Ande gjev eg inni dykk og gjer at de følgjer forskriftene mine, held lovene mine og lever etter dei.

28. Då skal de få bu i det landet eg gav fedrane dykkar. De skal vera mitt folk, og eg skal vera dykkar Gud.

29. Eg friar dykk ut frå all ureinskap. Så kallar eg fram kornet og gjer grøda stor; eg gjev dykk ikkje svolt.

30. Eg lèt trea gje mykje frukt og marka stor avling, så de ikkje meir møter forakt mellom folkeslaga fordi de svelt.

31. Då skal de tenkja på dykkar vonde vegar, på alt de gjorde som ikkje var godt. De skal forakta dykk sjølve for syndene og det avskyelege de gjorde.

32. Det er ikkje for dykkar skuld eg grip inn, det skal de vita, seier Herren Gud. De skal kjenna spott og skam på grunn av dykkar ferd, Israels hus.

33. Så seier Herren Gud: Den dagen eg reinsar dykk for alle syndene dykkar, lèt eg dykk bu i byane, og ruinrøysane skal byggjast opp att.

34. Jorda som ligg aud, skal dyrkast og ikkje sjå ut som ei øydemark for alle som kjem forbi.

35. Då skal dei seia: Denne jorda som låg aud, har vorte som Edens hage. Og byane som låg i ruinar, i øyde og i grus, ligg der no som faste borger.

36. Dei folka som enno er att rundt omkring dykk, skal kjenna at eg, Herren, har bygd opp det som låg i grus, og planta der jorda låg aud. Eg, Herren, har tala og vil setja det i verk.

37. Så seier Herren Gud: Også denne bøna frå Israels hus vil eg oppfylla for dei: Eg gjer dei talrike som ein saueflokk.

Les hele kapitlet Esekiel 36