Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 36:21-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Eg vernar mitt heilage namn, som Israels hus har vanhelga mellom folkeslaga dei kom til.

22. Difor skal du seia til Israels hus: Så seier Herren Gud: Eg grip ikkje inn for dykkar skuld, Israels hus, men for mitt heilage namn skuld, som de har vanhelga mellom dei folka de kom til.

23. Eg vil helga mitt store namn, som har vorte vanhelga mellom folkeslaga, det som de vanhelga mellom dei. Folkeslaga skal kjenna at eg er Herren, seier Herren Gud, når eg gjennom dykk viser meg heilag for auga på dei.

24. Eg hentar dykk frå folkeslaga, samlar dykk frå alle landa og fører dykk heim til dykkar eige land.

25. Eg stenkar reint vatn på dykk, så de blir reine. Eg vil reinsa dykk for all ureinskapen og for alle avgudane.

26. Eg gjev dykk eit nytt hjarte, og ei ny ånd gjev eg inni dykk. Eg tek steinhjartet ut or kroppen på dykk og gjev dykk eit kjøthjarte i staden.

27. Og min Ande gjev eg inni dykk og gjer at de følgjer forskriftene mine, held lovene mine og lever etter dei.

28. Då skal de få bu i det landet eg gav fedrane dykkar. De skal vera mitt folk, og eg skal vera dykkar Gud.

29. Eg friar dykk ut frå all ureinskap. Så kallar eg fram kornet og gjer grøda stor; eg gjev dykk ikkje svolt.

Les hele kapitlet Esekiel 36