Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 35:9-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Eg gjer deg til evig øydemark,byane dine skal liggja folketomme.De skal kjenna at eg er Herren.

10. Du sa: «Dei to folka og dei to landa skal bli mine, vi tek dei sjølv om Herren er der.»

11. Difor, så sant eg lever, seier Herren Gud: Eg skal gjera med deg slik du sjølv gjorde i din vreide og di misunning fordi du hata dei. Eg skal gje meg til kjenne mellom dei når eg dømmer deg.

12. Du skal vita at eg, Herren, har høyrt alle spottorda du tala mot fjella i Israel då du sa: «Øydemark! Vi har fått dei til føde.»

13. De har vore store i munnen og nytta mange ord mot meg. Eg har høyrt det.

14. Så seier Herren Gud: Til glede for heile jorda gjer eg deg til ei øydemark.

15. Fordi du gledde deg då Israels eigedom vart lagd i øyde, gjer eg det same mot deg. Se'ir-fjellet og heile Edom skal bli ei øydemark. Dei skal kjenna at eg er Herren.

Les hele kapitlet Esekiel 35