Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 35:3-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Du skal seia til det:Så seier Herren Gud:Sjå, eg kjem mot deg, Se'ir-fjell,eg lyfter handa mot degog gjer deg audt og øyde.

4. Byane dine legg eg i røys,og sjølv skal du bli til øydemark.Då skal du kjenna at eg er Herren.

5. Fordi du bar på gammal fiendskap,overlét du israelittane til sverdetdå ulukka ramma dei,då dei fekk si endelege straff.

6. Difor, så sant eg lever,seier Herren Gud,eg lèt deg blø,og blod skal forfølgja deg.Fordi du ikkje hata blod,skal blod forfølgja deg.

7. Eg gjer Se'ir-fjellet audt og øyde,eg ryddar ut dei som ferdast der.

8. Eg fyller Edoms fjell med drepne.På alle haugar, i dalar og bekkefarfell dei som blir drepne med sverd.

9. Eg gjer deg til evig øydemark,byane dine skal liggja folketomme.De skal kjenna at eg er Herren.

10. Du sa: «Dei to folka og dei to landa skal bli mine, vi tek dei sjølv om Herren er der.»

11. Difor, så sant eg lever, seier Herren Gud: Eg skal gjera med deg slik du sjølv gjorde i din vreide og di misunning fordi du hata dei. Eg skal gje meg til kjenne mellom dei når eg dømmer deg.

Les hele kapitlet Esekiel 35