Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 33:25-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. Difor, sei til dei: Så seier Herren Gud: De et kjøt med blodet i, de lyfter auga til avgudane dykkar, de auser ut blod, og så skulle de få eiga landet?

26. De set dykkar lit til sverdet, de gjer avskyelege ting, de krenkjer kvinnene til kvarandre, og så skulle de få eiga landet?

27. Du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Så sant eg lever, dei som er mellom ruinane, skal falla for sverd. Den som er ute på marka, gjev eg til føde for villdyra, og dei som held til i grotter og hòler, skal døy i pest.

28. Eg gjer landet audt og øyde, og det blir slutt på den stolte makta. Fjella i Israel skal liggja aude, ingen skal ferdast der.

29. Dei skal kjenna at eg er Herren når eg gjer landet audt og øyde på grunn av alt det avskyelege dei har gjort.

30. Du menneske! Dei av folket ditt som talar saman om deg ved murane og i døropningane, seier seg imellom, den eine til den andre: «Kom og høyr kva for eit ord som går ut frå Herren.»

31. Så kjem folket til deg i flokk og følgje og set seg framfor deg. Dei høyrer orda dine, men dei lever ikkje etter dei. For dei lever etter løgna i sin eigen munn, og hjartet deira trår etter urett vinning.

32. Sjå, du er for dei lik ein mann som syng kjærleiksviser med fager røyst til fin musikk. Dei høyrer orda dine, men lever ikkje etter dei.

33. Men når det kjem – sjå, det kjem – då skal dei kjenna at ein profet har vore midt imellom dei.

Les hele kapitlet Esekiel 33