Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 33:14-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Når eg seier om den urettferdige: «Han skal døy», men han så vender om frå si synd og gjer det som er rett og rettferdig,

15. då skal han leva og ikkje døy. Kanskje gjev den urettferdige att det pantet han har teke, gjev vederlag for det han har røva, og følgjer dei forskriftene som gjeld for livet, så han ikkje gjer noko vondt.

16. Ikkje ei av dei syndene han gjorde, skal hugsast meir. Han har gjort det som er rett og rettferdig, han skal leva.

17. No vil vel folket ditt seia: «Herren går ikkje fram på rett vis.» Men det er dykkar eigen veg som ikkje er rett.

18. Når den rettferdige vender seg frå si rettferd og gjer det vonde, skal han døy på grunn av det.

19. Og når den urettferdige vender seg frå sin urett og gjer det som er rett og rettferdig, skal han leva på grunn av det.

20. De seier at Herren ikkje går fram på rett vis. Eg vil dømma kvar av dykk etter hans eigne vegar, Israels hus.

21. Det var i det tolvte året etter at vi vart bortførte, på den femte dagen i den tiande månaden. Då kom det ein flyktning frå Jerusalem til meg og sa: «Byen er teken.»

22. Herrens hand var over meg kvelden før flyktningen kom. Han opna munnen min før han kom til meg om morgonen. Munnen vart opna, eg var ikkje mållaus lenger.

23. Herrens ord kom til meg:

24. Menneske, dei som bur mellom desse ruinane i Israels-landet, dei seier: «Abraham var berre éin, og endå tok han landet i eige. Vi er mange, og vi har fått det til eigedom.»

25. Difor, sei til dei: Så seier Herren Gud: De et kjøt med blodet i, de lyfter auga til avgudane dykkar, de auser ut blod, og så skulle de få eiga landet?

26. De set dykkar lit til sverdet, de gjer avskyelege ting, de krenkjer kvinnene til kvarandre, og så skulle de få eiga landet?

27. Du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Så sant eg lever, dei som er mellom ruinane, skal falla for sverd. Den som er ute på marka, gjev eg til føde for villdyra, og dei som held til i grotter og hòler, skal døy i pest.

Les hele kapitlet Esekiel 33