Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 33:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herrens ord kom til meg:

2. Menneske, tal til folket ditt og sei: Når eg lèt sverd koma over eit land, vil folket der ta ein av sine eigne og setja han til vaktmann.

3. Når han ser sverdet koma mot landet, blæs han i hornet og åtvarar folket.

4. Om nokon som høyrer hornsignalet, ikkje lèt seg åtvara, så sverdet kjem og tek han, skal blodet hans koma over hans eige hovud.

5. Han høyrde hornsignalet, men lét seg ikkje åtvara. Difor skal blodet hans koma over han sjølv. Om han hadde late seg åtvara, hadde han berga livet.

6. Det kan henda at vaktmannen ser sverdet koma og ikkje blæs i hornet, så folket ikkje blir åtvara. Når sverdet kjem og tek livet av ein av dei, skjer det på grunn av skulda hans. Men blodet hans vil eg krevja av vaktmannens hand.

7. Du menneske, eg har sett deg til vaktmann for Israels hus. Når du høyrer eit ord frå min munn, skal du åtvara dei frå meg.

8. Når eg seier til ein urettferdig: «Du urettferdige, du skal døy» og du ikkje åtvarar han mot det livet han fører, då skal han døy på grunn av si skuld. Men blodet hans vil eg krevja av di hand.

9. Om du åtvarar den urettferdige for at han skal venda om frå sin veg, og han likevel ikkje vender om, då skal han døy på grunn av si skuld. Men du har berga livet.

10. Du menneske, sei til Israels hus: De seier: «Når våre brot og synder ligg så tungt på oss at vi rotnar, korleis kan vi då leva?»

11. Sei til dei: Så sant eg lever, seier Herren Gud, eg vil ikkje at den urettferdige skal døy, men at han skal venda om frå sin veg og leva. Vend om, vend om frå dykkar vonde veg! Kvifor vil de døy, Israels hus?

Les hele kapitlet Esekiel 33