Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 32:18-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Menneske, klag over flokken i Egypt,du og døtrene av folkeslaga,og før ned dei mektigetil landet der nede,til dei som har gått i grav!

19. Er du finare enn andre?Stig ned og legg deg hos uomskorne!

20. Dei skal falla mellom mennsom blir drepne med sverd.Sverdet vart gjeve,dei drog det mot landetog heile flokken der.

21. Nede frå dødsriket skal sterke kjemperseia om farao og hjelparane hans:«No har dei fare ned og lagt seghos uomskorne, drepne med sverd.»

22. Der ligg Assurmed heile hæren rundt si grav.Alle vart drepne, dei fall for sverd.

23. Dei fekk gravene sine inst i hòla.Hæren ligg der rundt hans grav.Alle vart drepne, dei fall for sverd,dei som spreidde redsle i landet til dei levande.

24. Der ligg Elammed heile flokken rundt si grav.Alle vart drepne, dei fall for sverd.Uomskorne fór deitil landet der nede.Dei spreidde redsle i landet til dei levande,no må dei bera si vanærehos dei som gjekk i grav.

25. Mellom drepne fekk han sitt leiemed heile flokken rundt si grav.Alle er uomskorne,drepne med sverd.For dei spreidde redsle i landet til dei levande,no må dei bera si vanærehos dei som gjekk i grav,mellom drepne vart dei lagde.

26. Der er Mesjek og Tubalmed heile flokken rundt si grav.Alle er uomskorne,drepne med sverd.Dei spreidde redsle i landet til dei levande.

27. Dei ligg ikkje hos kjempenesom fall uomskorneog fór ned til dødsriket med sine våpen,dei som fekk sverda lagde under hovudet,men skulda låg tungt over knoklane.For det stod redsle av kjempenei landet til dei levande.

28. Du skal òg bli knust mellom uomskorneog liggja hos dei som er drepne med sverd.

29. Der er Edommed sine kongar og alle sine hovdingar.Trass i all si kraft vart dei lagdehos dei som vart drepne med sverd,dei ligg hos uomskorne,hos dei som gjekk i grav.

30. Der er alle fyrstane frå nordog alle dei frå Sidon.Det stod redsle av dei,men dei måtte fara ned til dei drepne.Med all si kraft vart dei til skamme.Uomskorne ligg deihos dei som vart drepne med sverd.Dei må bera si vanærehos dei som gjekk i grav.

31. Farao skal sjå deiog søkja trøyst for heile flokken sin.Farao og heile hæren er drepne med sverd,seier Herren Gud.

32. Eg lét han spreia redsle i landet til dei levande,men han skal leggjast til kvile mellom uomskorne,hos dei som er drepne med sverd,både farao og heile den ståkande flokken hans,seier Herren Gud.

Les hele kapitlet Esekiel 32