Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 32:11-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. For så seier Herren Gud:Sverdet til kongen av Babel skal koma over deg.

12. For sverdet til kjemperlèt eg flokken din falla,alle er brutale folkeslag.Dei smadrar det egyptarane er stolte av,heile den støyande flokken blir utrydda.

13. Eg gjer ende på alt feetved dei store vatna.Dei skal ikkje lenger grumsast tilav menneskefot eller dyreklauver.

14. Så gjer eg vatnet klårt og reint,elvane lèt eg renna som olje,seier Herren Gud.

15. Når eg gjer Egypt til ei øydemark,når landet ligg audt og forlate,når eg slår ned alle som bur der,då skal dei kjenna at eg er Herren.

16. Dette er ei likklage,og klagast skal det.Døtrer av folkeslag skal klaga.Over Egypt og heile flokken der skal dei klaga,seier Herren Gud.

17. Det var i det tolvte året, på den femtande dagen i månaden. Herrens ord kom til meg:

18. Menneske, klag over flokken i Egypt,du og døtrene av folkeslaga,og før ned dei mektigetil landet der nede,til dei som har gått i grav!

19. Er du finare enn andre?Stig ned og legg deg hos uomskorne!

20. Dei skal falla mellom mennsom blir drepne med sverd.Sverdet vart gjeve,dei drog det mot landetog heile flokken der.

21. Nede frå dødsriket skal sterke kjemperseia om farao og hjelparane hans:«No har dei fare ned og lagt seghos uomskorne, drepne med sverd.»

22. Der ligg Assurmed heile hæren rundt si grav.Alle vart drepne, dei fall for sverd.

Les hele kapitlet Esekiel 32