Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 31:9-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Så fager hadde eg gjort han,med ein rikdom av greiner,at alle Eden-tre i Guds hagevar misunnelege på han.

10. Difor seier Herren Gud:Han vart høg av vokster,strekte krona si opp mellom skyeneog vart hovmodigfordi han var høg.

11. Difor gav eg han overtil hovdingen over folkeslaga,så han kunne gripa inn mot han.På grunn av urettendreiv eg han ut.

12. Framande, brutale folkeslaghogg han ned og lét han liggja.På fjella og ned i dalane fall greinene.Kvistene låg knektei alle bekkefar på jorda.Alle folk på jordasom budde i skuggen hans,braut opp og lét sederen liggja.

13. På den falne stammenslo alle fuglar under himmelen seg ned,til lauvverket kom alle dyr på marka.

14. Difor skal ikkje noko tre som står attmed vatn,veksa for høgtog strekkja krona opp mellom skyene.Ingen som syg vatn,skal nå så høgt som dit.For alle er gjevne døden i valdi landet der nede,mellom menneske som har gått i grav.

15. Så seier Herren Gud:Den dagen sederen fór ned til dødsriket,lét eg djupet sørgja over han og dekkja seg til.Eg heldt straumane tilbake,og vassmengdene vart borte.Eg kledde Libanon i sørgjedrakt,alle tre på marka tørka bort.

16. Eg fekk folkeslag til å skjelvaav braket då han fall,då eg førte han ned til dødsriket,til dei som har gått i grav.Dei fann trøyst i landet der nede,alle Eden-trea,dei utvalde, dei beste på Libanon,alle som syg til seg vatn.

17. Dei òg var farne ned til dødsriket saman med han,ned til dei som var falne for sverd.Og dei som hadde budd i skuggen hans,vart sådde ut mellom folkeslaga.

18. Kven liknar du då mellom Eden-treai ære og stordom?Du skal støytast nedsaman med Eden-treatil landet der nede.Der skal du liggja mellom uomskorne,mellom dei som er drepne med sverd,det er farao og heile den støyande flokken hans,seier Herren Gud.

Les hele kapitlet Esekiel 31