Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 3:16-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Då dei sju dagane var gått, kom Herrens ord til meg:

17. Menneske, eg set deg til vaktmann over Israels hus. Når du høyrer eit ord frå min munn, skal du åtvara dei frå meg.

18. Når eg seier til den urettferdige: «Du skal døy» og du ikkje åtvarar han, ikkje talar slik at han blir åtvara mot sin urette veg så han kan leva, då skal den urettferdige døy for si synd. Og hans blod skal eg krevja av di hand.

19. Om du åtvarar den urettferdige og han ikkje vender om frå sin urett og sin urette veg, då skal han døy for si synd. Men du har berga livet.

20. Når ein rettferdig vender seg bort frå si rettferd og gjer urett, så legg eg ein snublestein i vegen hans; han skal døy. Om du ikkje åtvarar han, skal han mista livet for si synd, og ingen skal minnast hans rettferd. Og hans blod skal eg krevja av di hand.

21. Om du åtvarar den rettferdige mot å synda og han ikkje syndar meir, då skal han leva fordi han lét seg åtvara. Og du har berga livet.

22. Herrens hand kom over meg der, og han sa til meg: «Stå opp og gå ned i dalen! Der vil eg tala til deg.»

23. Då stod eg opp og gjekk ned i dalen. Og sjå, der stod Herrens herlegdom, lik den eg såg attmed Kebar-elva. Og eg kasta meg ned med andletet mot jorda.

24. Men då kom det ånd i meg, og ho reiste meg opp på føtene. Han tala til meg og sa: «Gå og steng deg inne i huset ditt!

25. Du menneske, sjå, dei skal slå tau omkring deg og binda deg fast, så du ikkje kan koma ut blant folk.

26. Eg lèt tunga di hanga fast ved ganen, så du blir mållaus og ute av stand til å refsa dei. For ei trassig ætt er dei.

27. Men når eg så talar til deg, vil eg opna munnen din. Då skal du seia til dei: Så seier Herren Gud: Den som vil høyra, han får høyra, men den som ikkje vil, får la det vera. For ei trassig ætt er dei.»

Les hele kapitlet Esekiel 3