Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 29:8-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Difor seier Herren Gud:Sjå, eg lèt sverd koma over deg,eg ryddar ut både menneske og dyr.

9. Egypt skal bli øydemark og ørken,dei skal kjenna at eg er Herren.Farao sa: «Nilen er mi, eg har laga henne.»

10. Difor kjem eg motbåde deg og elvane dine,eg gjer Egypt til ruinrøys og øydemark,frå Migdol til Syene,til grensa mot Kusj.

11. Der skal menneskefot ikkje trøog dyrefot ikkje trakka.Ingen skal bu der på førti år.

12. Eg gjer Egypt til ei øydemarkmellom land som er lagde i øyde.Byane skal liggja øyddemellom ruinbyar i førti år.Eg spreier egyptarane mellom folkeslagaog strør dei ut i landa.

13. Men så seier Herren Gud:Etter førti årvil eg samla egyptaranefrå folka dei er spreidde imellom.

14. Då vender eg lagnaden for egyptarane.Eg fører dei tilbake til Patros,landet dei kom ifrå.Der skal dei bli til eit lite kongerike.

15. Det skal bli mindre enn andre rikeog aldri meir lyfta seg over folkeslaga.Eg lèt dei bli så fåat dei ikkje kan herska over andre.

16. Hos dei skal israelittane aldri meir søkja tilflukt.Dei skal vedkjennast si skuldfordi dei vende seg til egyptarane.Dei skal kjenna at eg er Herren Gud.

17. Det var i det tjuesjuande året, på den første dagen i den første månaden. Herrens ord kom til meg:

Les hele kapitlet Esekiel 29