Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 29:17-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Det var i det tjuesjuande året, på den første dagen i den første månaden. Herrens ord kom til meg:

18. Menneske! Nebukadnesar, kongen i Babel, har late hæren sin streva hardt mot Tyros. Kvart hovud er snaua, kvar skulder er flådd. Men verken han eller hæren har fått løn av Tyros for alt strevet.

19. Difor seier Herren Gud: Sjå, no gjev eg Egypt til Nebukadnesar, kongen i Babel. Han skal føra bort rikdomane, plyndra og røva og ta bytte og rov. Det skal hæren hans ha i løn.

20. Eg gjev han Egypt til løn for det strevet han har hatt for meg i landet, seier Herren Gud.

21. Den dagen lèt eg eit horn veksa fram i Israels hus. Og eg opnar din munn midt imellom dei. Dei skal kjenna at eg er Herren.

Les hele kapitlet Esekiel 29