Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 29:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Det var i det tiande året, på den tolvte dagen i den tiande månaden, at Herrens ord kom til meg:

2. Menneske, vend deg mot farao, kongen i Egypt! Tal profetord mot han og heile Egypt.

3. Tal og sei:Så seier Herren Gud:Sjå, eg kjem over deg,farao, konge over Egypt,store uhyresom ligg roleg i elvane,du som seier: «Nilen er mi,eg har laga ho sjølv.»

4. Eg set krokar i kjakane på degog klistrar fisk frå elvane dinefast til skjela dine.Eg dreg deg opp or elvane,og all fisk frå elvaneklistrar seg fast til skjela dine.

5. Eg slengjer deg ut i ørkenen,deg og all fisken frå elvane.Du skal bli liggjande på marka,og ingen kan samla eller sanka deg saman.Eg gjev deg til føde for villdyra på jordaog for fuglane under himmelen.

6. Då skal alle som bur i Egypt,kjenna at eg er Herren,for dei har vore ein røyrstav for Israels hus.

Les hele kapitlet Esekiel 29