Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 28:8-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Dei styrtar deg i avgrunnen,drepen manns død skal du lidamidt ute på havet.

9. Vil du verkeleg seia «Eg er gud»andlet til andlet med din mordar?Men du er menneske og ikkje gudi hendene på dine drapsmenn.

10. Uomskoren manns død skal du lidai hendene på framande.For eg har tala,seier Herren Gud.

11. Herrens ord kom til meg:

12. Menneske, stem i ei likklage over kongen av Tyros og sei til han:Så seier Herren Gud:Du var eit bilete på det fullenda,fylt av visdom,fullkomen i venleik.

13. I Eden, Guds hage, heldt du til.Du var dekt av alle slag dyre steinar:rubin, topas og diamant,krysolitt, onyks og jade,safir, turkis og smaragd.Forgylte kunstverkvar dine trommer og fløyter,gjorde i stand for degden dagen du vart skapt.

14. Du var ein salva kjerub, eit vern.Eg innsette deg,på Guds heilage fjell heldt du til,mellom glødande steinar vandra du.

15. Du var heil i di ferdfrå den dagen du vart skapt,til det vart funne urett hos deg.

16. Din store handelfylte deg med vald,og du tok til å synda.Då dreiv eg deg bort frå gudefjelletog gjorde ende på deg,du vaktar og kjerubmellom glødande steinar.

17. Ditt hjarte vart hovmodigav din venleik,og du øydela din visdomog di prakt.Då kasta eg deg til jorda,eg sette deg framfor kongarså dei kunne sjå på deg.

18. Med stor skuldog med urett i handelvanhelga du dine heilagdomar.Eg sende eld,og han gjorde ende på deg.Eg gjorde deg til oske på jordarett framfor augapå alle som såg deg.

19. Alle som kjende degmellom folka, gyser.Eit skremsel har du vorte,du er borte for alltid.

20. Herrens ord kom til meg:

21. Menneske, vend deg mot Sidon, tal profetord mot henne.

Les hele kapitlet Esekiel 28