Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 28:17-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Ditt hjarte vart hovmodigav din venleik,og du øydela din visdomog di prakt.Då kasta eg deg til jorda,eg sette deg framfor kongarså dei kunne sjå på deg.

18. Med stor skuldog med urett i handelvanhelga du dine heilagdomar.Eg sende eld,og han gjorde ende på deg.Eg gjorde deg til oske på jordarett framfor augapå alle som såg deg.

19. Alle som kjende degmellom folka, gyser.Eit skremsel har du vorte,du er borte for alltid.

20. Herrens ord kom til meg:

21. Menneske, vend deg mot Sidon, tal profetord mot henne.

22. Sei:Så seier Herren Gud:Sjå, eg kjem over deg, Sidon,og viser min herlegdom midt i deg.Dei skal kjennaat eg er Herrennår eg held dom over byenog viser meg heilag der.

Les hele kapitlet Esekiel 28