Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 28:11-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Herrens ord kom til meg:

12. Menneske, stem i ei likklage over kongen av Tyros og sei til han:Så seier Herren Gud:Du var eit bilete på det fullenda,fylt av visdom,fullkomen i venleik.

13. I Eden, Guds hage, heldt du til.Du var dekt av alle slag dyre steinar:rubin, topas og diamant,krysolitt, onyks og jade,safir, turkis og smaragd.Forgylte kunstverkvar dine trommer og fløyter,gjorde i stand for degden dagen du vart skapt.

14. Du var ein salva kjerub, eit vern.Eg innsette deg,på Guds heilage fjell heldt du til,mellom glødande steinar vandra du.

15. Du var heil i di ferdfrå den dagen du vart skapt,til det vart funne urett hos deg.

16. Din store handelfylte deg med vald,og du tok til å synda.Då dreiv eg deg bort frå gudefjelletog gjorde ende på deg,du vaktar og kjerubmellom glødande steinar.

17. Ditt hjarte vart hovmodigav din venleik,og du øydela din visdomog di prakt.Då kasta eg deg til jorda,eg sette deg framfor kongarså dei kunne sjå på deg.

18. Med stor skuldog med urett i handelvanhelga du dine heilagdomar.Eg sende eld,og han gjorde ende på deg.Eg gjorde deg til oske på jordarett framfor augapå alle som såg deg.

19. Alle som kjende degmellom folka, gyser.Eit skremsel har du vorte,du er borte for alltid.

20. Herrens ord kom til meg:

21. Menneske, vend deg mot Sidon, tal profetord mot henne.

22. Sei:Så seier Herren Gud:Sjå, eg kjem over deg, Sidon,og viser min herlegdom midt i deg.Dei skal kjennaat eg er Herrennår eg held dom over byenog viser meg heilag der.

23. Eg sender pest,blod skal renna i gatene.Der skal dei drepast,falla for sverdrette mot byen frå alle kantar.Då skal dei kjennaat eg er Herren.

24. Til Israels husskal det aldri meir komatornar som rivog tistlar som stikk,frå alle grannefolk som foraktar dei.Dei skal kjennaat eg er Herren Gud.

25. Så seier Herren Gud:Når eg samlar Israels husfrå alle folka dei er spreidde imellom,då vil eg gjennom dei visa meg heilagfor auga på folkeslaga.Dei skal få bu i landet sitt,det som eg gav Jakob, tenaren min.

26. Der skal dei bu trygt,byggja hus og planta vinmarker.Dei skal bu trygt når eg held domover alle grannefolk som foraktar dei.Då skal dei kjennaat eg er Herren deira Gud.

Les hele kapitlet Esekiel 28