Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 28:1-4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herrens ord kom til meg:

2. Menneske, sei til fyrsten av Tyros:Så seier Herren Gud:Fordi hjartet ditt er hovmodig,har du sagt: «Eg er ein gud.Eg sit på gudetronemidt ute på havet.»Men du er eit menneske og ikkje ein gud,du har gjort hjartet dittlikt eit gudehjarte.

3. Sjå, visare er du enn Daniel,ingen løyndom er duld for deg.

4. Med visdom og vithar du skaffa deg makt,du har skaffa sølv og gulltil skattkammera dine.

Les hele kapitlet Esekiel 28