Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 26:9-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Så støyter han rambukken mot murane dine,med våpen bryt han tårna ned.

10. Han har så mange hestarat støvet frå dei dekkjer deg.Av larmen frå ryttarar, hjul og vognerrister murane dinenår han dreg inn gjennom portaneslik dei rykkjer inn i ein hærteken by.

11. Med hovane av sine hestartrakkar han alle gater sund.Han drep folket ditt med sverd,kraftige søyler styrtar til jorda.

12. Dei røvar rikdomen dinog tek varene til krigsbytte.Dei bryt murane nedog riv kostbare hus.Stein, tre og jord kastar dei på sjøen.

13. Eg gjer eg slutt på lyden av songane dine,klangen av lyrer skal ikkje høyrast.

14. Eg gjer deg til eit nake berg.Ein tørkeplass for fiskegarn skal du bli.Du skal ikkje byggjast opp att,for eg, Herren, har tala,seier Herren Gud.

15. Så seier Herren Gud til Tyros:Sanneleg, kystane skal skjelva ved drønnet når du fell,når dei såra stønnar,når slaktinga set i gang hos deg.

16. Då skal alle fyrstane ved havetstiga ned frå trona,leggja kappa bortog ta av seg dei fargerike kleda.Dei kler seg i redsleog set seg på jorda.Dei skjelv stadig,slegne av skrekk på grunn av deg.

17. Dei stemmer i ei likklage og seier om deg:Korleis kunne du gå til grunne,du som fekk ditt folk frå havet,den lovprisa byensom var mektig på sjøen,byen og hennar innbyggjararsom spreidde redsle blant alle som bur der.

Les hele kapitlet Esekiel 26