Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 26:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Det var i det ellevte året, på den første dagen i månaden. Herrens ord kom til meg:

2. Menneske, Tyros har sagt om Jerusalem:«Ha-ha! Knust er hosom var ein port for folka,no er ho vend mot meg.Eg gjer meg rik, ho er lagd øyde.»

3. Difor seier Herren Gud:Eg kjem over deg, Tyros.Eg lèt mange folkeslag slå inn over deg,liksom havet lèt bølgjene slå.

4. Dei skal bryta ned murane kring Tyrosog leggja tårna i grus.Eg vil feia jorda vekkog gjera henne til nake berg.

5. Ein tørkeplass for fiskegarnskal ho bli, midt i havet,for eg har tala,seier Herren Gud.Ho skal bli eit bytte for folkeslaga.

6. Døtrene ute på markaskal bli drepne med sverd.Dei skal kjenna at eg er Herren.

7. For så seier Herren Gud:Sjå, frå nord sender eg Nebukadnesar mot Tyros,Babels konge, kongen over kongar,med hestar, vogner og ryttarar,ein hær av folk.

8. Døtrene dine ute på markaskal han slå i hel med sverd.Han skal byggja skansar,kasta opp ein vollog reisa ein mur av skjold mot deg.

9. Så støyter han rambukken mot murane dine,med våpen bryt han tårna ned.

10. Han har så mange hestarat støvet frå dei dekkjer deg.Av larmen frå ryttarar, hjul og vognerrister murane dinenår han dreg inn gjennom portaneslik dei rykkjer inn i ein hærteken by.

11. Med hovane av sine hestartrakkar han alle gater sund.Han drep folket ditt med sverd,kraftige søyler styrtar til jorda.

12. Dei røvar rikdomen dinog tek varene til krigsbytte.Dei bryt murane nedog riv kostbare hus.Stein, tre og jord kastar dei på sjøen.

13. Eg gjer eg slutt på lyden av songane dine,klangen av lyrer skal ikkje høyrast.

Les hele kapitlet Esekiel 26