Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 23:36-49 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

36. Herren sa til meg: Menneske, vil du dømma Ohola og Oholiba? Då skal du fortelja dei om alt det avskyelege dei har gjort.

37. Dei braut ekteskapet og har blod på hendene. Dei braut ekteskapet ved å dyrka avgudane sine, og borna som dei hadde fødd meg, gav dei til føde for dei.

38. Ja, endå meir har dei gjort mot meg: Dei gjorde heilagdomen min urein og vanhelga sabbatane mine.

39. Når dei hadde slakta borna sine for avgudane, kom dei same dagen inn i heilagdomen min og vanhelga han. Sjå, dette gjorde dei i mitt hus!

40. Dei sende til og med bod etter menn i fjerne land. Det vart sendt ein bodberar til dei, og sjå, då kom dei, desse som du hadde vaska deg for, sminka auga og pynta deg for med smykke.

41. Du sette deg på ei prektig seng. Eit bord stod duka framfor den, og der sette du fram min røykjelse og min olje.

42. Der inne høyrdest lyden av ein sorglaus og støyande flokk. Og til den store mengda av menneske kom drikkebrør som vart henta frå ørkenen. Dei kom med armband til kvinnene og staselege diadem til å ha på hovudet.

43. Då sa eg: «Ho er utsliten av ekteskapsbrot. Men no held dei sanneleg horelag, ja, ho òg!»

44. Dei gjekk inn til henne. Slik ein går inn til ei prostituert kvinne, slik gjekk dei til Ohola og Oholiba, dei skamlause kvinnene.

45. Men rettferdige menn skal dømma dei for brot på lova om ekteskapet og lova mot å ausa ut blod. For dei har brote ekteskapet, og dei har blod på hendene.

46. For så seier Herren Gud: Eg samlar ei folkemengd mot dei og gjev dei over til angst og plyndring.

47. Mengda skal steina dei og skamhogga dei med sverd. Sønene og døtrene skal dei drepa, og husa skal dei brenna.

48. Eg gjer slutt på skamløysa i landet. Alle kvinner skal ta lærdom av det, dei skal ikkje lenger leva skamlaust som de.

49. Eg gjev dykk att for skamløysa, de må sjølve bera straffa for den syndige avgudsdyrkinga. Då skal de kjenna at eg er Herren Gud.

Les hele kapitlet Esekiel 23