Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 22:25-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. Fyrstane dine liknar brølande løver som riv sund bytte. Dei et menneske, tek rikdom og dyre skattar og gjer mange til enkjer der.

26. Prestane gjer vald på mi lov og vanhelgar mine heilagdomar. Dei skil ikkje mellom innvigd og uinnvigd. Dei lærer ikkje folk å skilja mellom ureint og reint. Dei lèt att auga for sabbatane mine. Slik blir eg vanæra mellom dei.

27. Leiarane i landet liknar ulvar som riv sund byttet sitt. Dei auser ut blod og lèt liv gå tapt for å skaffa seg urett vinning.

28. Profetane stryk kalk på veggene for dei. Dei har tomme syn og spår løgn når dei seier: «Så seier Herren Gud», endå Herren ikkje har sagt noko.

29. Folket i landet bruker vald og driv med ran og rov. Dei er harde mot hjelpelause og fattige og undertrykkjer innflyttarane utan rett.

30. Eg har leita mellom dei etter ein mann som kan byggja opp muren og stilla seg i mur-rivnene for landet så det ikkje blir øydelagt. Men eg fann ingen.

31. Så auser eg ut mitt sinne over dei, eg gjer ende på dei med elden frå min vreide. Eg lèt gjerningane deira koma over deira eigne hovud, seier Herren Gud.

Les hele kapitlet Esekiel 22