Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 20:35-44 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

35. Så fører eg dykk ut i ørkenen til folka, og der skal eg fella dom over dykk, andlet til andlet.

36. Slik som eg felte dom over fedrane dykkar i ørkenen ved Egypt, slik skal eg fella dom over dykk, seier Herren Gud.

37. Eg lèt dykk gå under herskarstaven og fører dykk inn i smeltedigelen.

38. Eg skil ut frå dykk dei som er trassige og gjer opprør mot meg. Eg fører dei bort frå landet der dei held til som framande, men til Israels-landet skal dei ikkje få koma. Då skal de kjenna at eg er Herren.

39. De israelittar, så seier Herren Gud: Kvar og ein kan berre gå og dyrka avgudane sine! Men sidan skal de verkeleg høyra på meg og aldri meir vanhelga mitt heilage namn med offergåvene og avgudane dykkar.

40. For på mitt heilage fjell, på det høgaste fjellet i Israel, skal heile Israels hus tena meg, alle som er i landet, seier Herren Gud. Der skal eg visa dei godvilje, og der skal eg spørja etter offergåvene og førstegrøda som de ber fram, alle dei heilage gåvene dykkar.

41. For den gode offerangen si skuld vil eg visa godvilje når eg fører dykk ut frå folka og samlar dykk frå landa der de no er spreidde. Gjennom dykk viser eg meg heilag framfor auga på folkeslaga.

42. De skal kjenna at eg er Herren når eg fører dykk til Israels land, det landet som eg med lyft hand lova å gje fedrane dykkar.

43. Der skal de minnast korleis de gjekk fram og alt de gjorde og vart ureine ved. De skal avsky dykk sjølve fordi de gjorde så mykje vondt.

44. De skal kjenna at eg er Herren når eg handlar slik med dykk for mitt namn skuld, Israels hus, og ikkje gjev dykk att for dykkar vonde ferd og øydeleggjande gjerningar, seier Herren Gud.

Les hele kapitlet Esekiel 20