Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 20:25-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. Difor gav eg dei forskrifter som ikkje var gode, og lover som dei ikkje kunne leva ved.

26. Eg gjorde dei ureine ved offergåvene når dei bar fram det som kom først ut av morslivet. Det gjorde eg for å slå dei med skrekk, så dei skulle kjenna at eg er Herren.

27. Difor, menneske, skal du tala til Israels hus og seia til dei: Så seier Herren Gud: Endå ein gong hånte fedrane meg, trulause som dei var.

28. Eg førte dei inn i det landet som eg med lyft hand hadde lova å gje dei. Men så snart dei fekk sjå ein høg haug eller eit lauvrikt tre, ofra dei sine slaktoffer der og bar fram sine offergåver som gjorde meg rasande. Dit kom dei med velluktande offer, og der auste dei ut sine drikkoffer.

29. Då spurde eg dei: «Kva er det med den offerhaugen som de går til?» – Det heiter offerhaug den dag i dag.

30. Difor skal du seia til Israels hus: Så seier Herren Gud: Vil de gjera dykk ureine på same måten som fedrane dykkar og springa etter dei motbydelege gudane deira med hor i blikket?

31. Når de kjem med gåver og lèt borna dykkar gå gjennom elden, blir de enno i dag ureine ved alle avgudane. Og så skulle de få spørja meg til råds, de israelittar! Så sant eg lever, seier Herren Gud, eg lèt ikkje dykk spørja meg til råds.

32. Det skal aldri henda, det som stig opp i hugen dykkar når de seier: «Vi vil vera som folkeslaga, som slektene i landa, og dyrka stokk og stein.»

33. Nei! Så sant eg lever, seier Herren Gud: Eg skal herska over dykk med sterk hand og strak arm og ausa ut min harme.

34. Eg skal føra dykk ut frå folka og samla dykk frå landa der de er spreidde, med sterk hand og strak arm, og ausa ut min harme.

35. Så fører eg dykk ut i ørkenen til folka, og der skal eg fella dom over dykk, andlet til andlet.

Les hele kapitlet Esekiel 20