Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 2:2-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Då han tala til meg, kom det ånd i meg. Ho reiste meg opp på føtene, og eg kunne høyra han som tala til meg.

3. Han sa til meg: «Menneske! Eg sender deg til israelittane, til opprørske folkeslag som har reist seg imot meg. Dei og fedrane deira har synda mot meg til denne dag.

4. Til desse borna med steinandlet og harde hjarte sender eg deg, og du skal seia til dei: Så seier Herren Gud.

5. Og anten dei vil høyra eller ikkje – for ei trassig ætt er dei – så skal dei forstå at ein profet har vore hos dei.

6. Men du, menneske, ver ikkje redd dei, og ver ikkje redd for det dei seier, sjølv om klunger er omkring deg og du bur mellom skorpionar. Lat deg ikkje skremma av det dei seier, og mist ikkje motet, sjølv om dei er ei trassig ætt.

Les hele kapitlet Esekiel 2