Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 19:3-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Ho alte opp ein av ungane,ei ungløve vart han.Han lærte å riva sund bytte,han åt opp menneske.

4. Folkeslag fekk høyra om han,han vart fanga i deira fallgrav.Med nasekrokar førte dei han til Egypt.

5. Ho såg at ho venta forgjeves,håpet var ute.Då tok ho ein annan unge,ho gjorde han til ungløve.

6. Han gjekk der mellom løver,og ei ungløve vart han.Han lærte å riva sund bytte,han åt opp menneske.

7. Han øydela borgeneog la byane i ruinar.Landet og alt som fanst der,stivna av skrekk ved lyden av brøla hans.

8. Folk frå landa omkringsette då ut sine garn.Dei spreidde dei ut over han,og han vart fanga i fallgrava deira.

9. Med nasekrokar fekk dei han i burog førte han til kongen i Babel.Der sette dei han i ei festning,så brøla ikkje skulle høyrast meirover fjella i Israel.

Les hele kapitlet Esekiel 19