Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 19:10-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Mor di var som ein vinstokk i hagen din,planta attmed vatn.Han var rik på frukt og fekk mange greiner,for han fekk godt med vatn.

11. Greinene vart så sterkeat dei kunne brukast til herskarstavar.Høgt voks han, opp mellom skyene,lett synleg fordi han var så høgog hadde så mange greiner.

12. Men han vart riven opp i harmeog kasta til jorda.Austavinden tørka ut frukta.Dei sterke greinenevart rivne av og visna,elden åt dei.

13. No er han planta i ørkenen,i det tørre, tørstande landet.

14. Eld gjekk ut frå ei greinog åt kvistene og frukta.Det finst ikkje lenger ei sterk greinsom kan vera herskarstav.Dette er ei likklage, og likklage har det vorte.

Les hele kapitlet Esekiel 19