Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 19:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Du skal stemma i ei likklage over fyrstane i Israel

2. og seia:Kva var mor di?Ei løvinne mellom løver.Ho låg mellom ungløver, ho fostra ungane sine.

3. Ho alte opp ein av ungane,ei ungløve vart han.Han lærte å riva sund bytte,han åt opp menneske.

4. Folkeslag fekk høyra om han,han vart fanga i deira fallgrav.Med nasekrokar førte dei han til Egypt.

5. Ho såg at ho venta forgjeves,håpet var ute.Då tok ho ein annan unge,ho gjorde han til ungløve.

6. Han gjekk der mellom løver,og ei ungløve vart han.Han lærte å riva sund bytte,han åt opp menneske.

7. Han øydela borgeneog la byane i ruinar.Landet og alt som fanst der,stivna av skrekk ved lyden av brøla hans.

Les hele kapitlet Esekiel 19