Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 18:9-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Han følgjer mine forskrifter og held trufast mine lover. Han er rettferdig, han skal få leva, seier Herren Gud.

10. Det kan henda at den rettferdige får ein son som blir røvar og drapsmann og gjer noko av dette mot ein bror

11. som han sjølv aldri har gjort. Kanskje han til og med et offerkjøt på haugane og krenkjer kona til nesten sin,

12. er hard mot hjelpelause og fattige, ranar og røvar og ikkje gjev pantsett gods tilbake, lyfter auga til avgudane, fer med slikt som er avskyeleg,

13. låner ut mot renter og tek avgift – og så skulle han få leva? Nei, han skal ikkje få leva! Når han gjer alt dette avskyelege, skal han døy. Hans blod kjem over han sjølv.

14. Men så kan det henda at han får ein son som ser alle syndene faren har gjort, og blir skremd av det, så han ikkje gjer det same.

15. Han et ikkje offerkjøt på haugane, lyfter ikkje auga til avgudane som Israels hus dyrkar, krenkjer ikkje kona til nesten sin,

16. er ikkje hard med nokon, tek ikkje pant og driv ikkje med ran og rov, men gjev brød til den svoltne og klede til den nakne.

17. Han legg ikkje hand på ein hjelpelaus, tek ikkje rente og avgift, men lever etter lovene mine og følgjer forskriftene mine. Han skal ikkje døy fordi far hans har synda. Nei, han skal leva.

18. Men far hans, som undertrykte, rana og røva frå bror sin og gjorde det som ikkje er godt blant folket sitt, sjå, han må sjølv døy for si synd.

19. De vil kanskje spørja: «Kvifor skal ikkje sonen bera skulda til faren?» Men sonen har gjort det som er rett og rettferdig, han har halde forskriftene mine og levd etter dei. Han skal få leva.

Les hele kapitlet Esekiel 18