Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 16:48-63 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

48. Så sant eg lever, seier Herren Gud: Sodoma, syster di, og døtrene hennar gjorde slett ikkje som du og døtrene dine.

49. Sjå, dette er synda som Sodoma, syster di, gjorde seg skuldig i: hovmod. Ho og døtrene hadde nok av mat og levde i fred og ro. Men ho hjelpte ikkje dei hjelpelause og fattige.

50. Hovmodige var dei og gjorde slikt som eg har avsky for. Men då eg såg det, dreiv eg dei bort.

51. Samaria har ikkje synda halvparten så mykje som du. Du har handla meir avskyeleg enn systrene dine, og med alt det avskyelege har du vist at dei er meir rettferdige enn du.

52. Så må du òg ta vanæra på deg, du som med dine eigne synder har tala saka til systrene dine. Fordi du har handla meir avskyeleg enn dei, er dei meir rettferdige enn du. Så skam deg då og ber di vanære, du som har vist at systrene dine er meir rettferdige.

53. Eg vender lagnaden for Sodoma og døtrene hennar og for Samaria og døtrene hennar. Og samstundes vender eg lagnaden for deg.

54. Slik skal du bera di vanære og skamma deg over alt du har gjort, til trøyst for dei.

55. Syster di, Sodoma, og døtrene hennar skal få det som før, Samaria og døtrene hennar skal få det som før, og du og døtrene dine skal få det som før.

56. Sette ikkje du ut dårleg rykte om Sodoma, syster di, den tid du var hovmodig?

57. Det var før vondskapen din vart synleg. På den tida var du til spott for arameardøtrene og alle der omkring, for filistardøtrene som hånte deg på alle kantar.

58. Di skamløyse og alt det avskyelege hos deg må du bera sjølv, seier Herren.

59. For så seier Herren Gud: Eg gjer med deg som du sjølv gjorde då du vanvørde forbanninga og braut pakta.

60. Men eg vil minnast pakta eg gjorde med deg då du var ung, og eg vil oppretta ei evig pakt med deg.

61. Du skal minnast kva du har gjort, og skjemmast når eg tek systrene dine, både dei som er eldre enn du, og dei som er yngre, og gjer dei til døtrene dine, endå dei ikkje er i pakt med deg.

62. Når eg opprettar mi pakt med deg, då skal du kjenna at eg er Herren.

63. Så skal du minnast det og skamma deg, på grunn av skamma skal du aldri meir opna munnen, når eg tilgjev deg alt du har gjort, seier Herren Gud.

Les hele kapitlet Esekiel 16