Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 16:42-56 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

42. Så bruker eg opp min harme på deg, min sjalusi vik frå deg, eg teier og er ikkje lenger sint.

43. Fordi du gløymde di ungdomstid og terga med alt dette, skal eg la gjerningane dine koma over ditt eige hovud, seier Herren Gud. Har du ikkje gjort andre skamlause ting i tillegg til alt det avskyelege?

44. Sjå, alle som bruker ordtak, skal bruka dette ordtaket om deg: «Som mora, så dottera.»

45. Du er dotter til mor di, som ikkje brydde seg om mann og born. Og du er syster til systrene dine, som ikkje brydde seg om mennene og borna sine. Mor dykkar var hetitt og far dykkar amoritt.

46. Di storesyster er Samaria, som bur med døtrene sine til venstre for deg. Og di veslesyster er Sodoma, som bur med døtrene sine til høgre for deg.

47. Ikkje berre gjekk du på deira vegar og gjorde dei same avskyelege tinga, men etter ei kort tid handla du på alle vis verre enn dei.

48. Så sant eg lever, seier Herren Gud: Sodoma, syster di, og døtrene hennar gjorde slett ikkje som du og døtrene dine.

49. Sjå, dette er synda som Sodoma, syster di, gjorde seg skuldig i: hovmod. Ho og døtrene hadde nok av mat og levde i fred og ro. Men ho hjelpte ikkje dei hjelpelause og fattige.

50. Hovmodige var dei og gjorde slikt som eg har avsky for. Men då eg såg det, dreiv eg dei bort.

51. Samaria har ikkje synda halvparten så mykje som du. Du har handla meir avskyeleg enn systrene dine, og med alt det avskyelege har du vist at dei er meir rettferdige enn du.

52. Så må du òg ta vanæra på deg, du som med dine eigne synder har tala saka til systrene dine. Fordi du har handla meir avskyeleg enn dei, er dei meir rettferdige enn du. Så skam deg då og ber di vanære, du som har vist at systrene dine er meir rettferdige.

53. Eg vender lagnaden for Sodoma og døtrene hennar og for Samaria og døtrene hennar. Og samstundes vender eg lagnaden for deg.

54. Slik skal du bera di vanære og skamma deg over alt du har gjort, til trøyst for dei.

55. Syster di, Sodoma, og døtrene hennar skal få det som før, Samaria og døtrene hennar skal få det som før, og du og døtrene dine skal få det som før.

56. Sette ikkje du ut dårleg rykte om Sodoma, syster di, den tid du var hovmodig?

Les hele kapitlet Esekiel 16