Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 16:38-45 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

38. Eg dømmer deg til å bli straffa for ekteskapsbrot og drap, eg råkar deg med blod i harme og sjalusi.

39. Eg gjev deg i hendene på elskarane dine, og dei skal bryta ned den høge staden din og øydeleggja haugane dine. Dei riv av deg kleda, tek dei fine smykka dine og lèt deg liggja der naken og berr.

40. Så reiser dei opp ein flokk mot deg, steinar deg og høgg deg ned med sverd.

41. Dei brenner ned husa dine og held dom over deg framfor auga på mange kvinner. Slik gjer eg ende på ditt horeri, så du ikkje meir kan gje horepengar.

42. Så bruker eg opp min harme på deg, min sjalusi vik frå deg, eg teier og er ikkje lenger sint.

43. Fordi du gløymde di ungdomstid og terga med alt dette, skal eg la gjerningane dine koma over ditt eige hovud, seier Herren Gud. Har du ikkje gjort andre skamlause ting i tillegg til alt det avskyelege?

44. Sjå, alle som bruker ordtak, skal bruka dette ordtaket om deg: «Som mora, så dottera.»

45. Du er dotter til mor di, som ikkje brydde seg om mann og born. Og du er syster til systrene dine, som ikkje brydde seg om mennene og borna sine. Mor dykkar var hetitt og far dykkar amoritt.

Les hele kapitlet Esekiel 16