Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 16:19-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Brødet som eg hadde gjeve deg, det fine mjølet, oljen, honningen som du hadde fått til mat, sette du fram for dei til vellukt, seier Herren Gud.

20. Sønene og døtrene som du hadde fødd, og som høyrde meg til, tok du og ofra til mat for dei. Var det ikkje nok at du dreiv hor,

21. sidan du òg slakta sønene mine og gav dei frå deg når du lét dei gå gjennom elden?

22. Når du gjorde alt dette avskyelege og dreiv hor, kom du ikkje i hug din ungdoms dagar då du var naken og berr og låg og sprella i blod.

23. Så, etter at du hadde gjort så mykje vondt – ve, ve deg! seier Herren Gud –

24. bygde du deg ein høg stad og laga deg ein haug i alle gater.

25. I alle vegkryss bygde du deg ein haug. Der gjorde du venleiken din til noko avskyeleg. Du skreva med beina for kvar mann som kom forbi, meir og meir dreiv du hor.

26. Du dreiv hor med egyptarane, grannane med kraftig lem, og med alt ditt horeri gjorde du meg rasande.

27. Då rette eg ut handa mot deg og tok tilbake det du skulle ha. Eg gav deg over til deira vilje som hatar deg, til filistardøtrene, dei som blir krenkte av ditt skamlause liv.

28. Så dreiv du hor med assyrarane, for du hadde ikkje fått nok. Ja, ikkje eingong då fekk du nok.

29. Og du heldt fram med ditt horeri, heilt til kremmarlandet Kaldea. Men heller ikkje då fekk du nok.

30. Kor sjukt hjartet ditt er, seier Herren Gud. At du kunne gjera alt dette og oppføra deg som ei frekk hore!

31. Du bygde ein høg stad i kvart vegkryss og laga ein haug i alle gater. Men du var ikkje som andre horer, for du avslo horepengar.

32. Ei kvinne som bryt ekteskapet, tek framande menn i staden for ektemannen sin.

33. Andre horer får gåver, men du gav løn til alle elskarane dine. Du kjøpte dei for at dei skulle koma frå alle kantar så du kunne driva hor.

34. Når du dreiv hor, var du ulik andre kvinner. Det var ingen som ville ha deg, du fekk ikkje horepengar, men du gav. Så bakvendt var det med deg.

Les hele kapitlet Esekiel 16