Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 16:11-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Eg pynta deg med smykke, gav deg armband på handa og kjede om halsen.

12. Eg gav deg ring i nasen, ringar i øyra og ei vakker krone på hovudet.

13. Så pynta du deg med gull og sølv og kledde deg i lin, silke og fargerike klede. Du fekk fint mjøl, honning og olje til mat. Du vart svært, svært vakker. Du fekk kongeleg rang.

14. Mellom folka gjekk det gjetord om din venleik, for han vart fullkomen av alt det praktfulle eg gav deg, seier Herren Gud.

15. Men du var trygg på din venleik, du dreiv hor på ditt rykte. Du baud deg fram som hore til kvar og ein som kom forbi, og han fekk deg.

16. Du tok nokre av kleda dine for å gjera offerhaugane fargerike. Der dreiv du hor, slik det aldri må henda.

17. Du tok smykka av sølv og gull som eg hadde gjeve deg, og laga deg mannlege gudebilete, som du dreiv hor med.

18. Du tok dei fargerike kleda dine og dekte dei med, og min olje og min røykjelse sette du fram for dei.

19. Brødet som eg hadde gjeve deg, det fine mjølet, oljen, honningen som du hadde fått til mat, sette du fram for dei til vellukt, seier Herren Gud.

20. Sønene og døtrene som du hadde fødd, og som høyrde meg til, tok du og ofra til mat for dei. Var det ikkje nok at du dreiv hor,

21. sidan du òg slakta sønene mine og gav dei frå deg når du lét dei gå gjennom elden?

22. Når du gjorde alt dette avskyelege og dreiv hor, kom du ikkje i hug din ungdoms dagar då du var naken og berr og låg og sprella i blod.

23. Så, etter at du hadde gjort så mykje vondt – ve, ve deg! seier Herren Gud –

24. bygde du deg ein høg stad og laga deg ein haug i alle gater.

25. I alle vegkryss bygde du deg ein haug. Der gjorde du venleiken din til noko avskyeleg. Du skreva med beina for kvar mann som kom forbi, meir og meir dreiv du hor.

Les hele kapitlet Esekiel 16