Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 16:1-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herrens ord kom til meg:

2. Menneske, tal til Jerusalem om alt det avskyelege hos henne.

3. Du skal seia: Så seier Herren Gud til Jerusalem: Du stammar frå Kanaanearlandet, der vart du fødd. Far din var amoritt og mor di hetitt.

4. Då du kom til verda, den dagen du vart fødd, skar dei ikkje over navlestrengen, dei vaska deg ikkje rein med vatn, gneid deg ikkje inn med salt, og dei sveipte deg ikkje.

5. Ingen viste deg medkjensle, ikkje ein av desse tinga gjorde dei mot deg fordi dei tykte synd i deg. Dei slengde deg ut på marka fordi dei fekk motvilje mot deg den dagen du vart fødd.

6. Då gjekk eg forbi og såg deg der du låg og sprella i blod. Og eg sa: «Du som ligg i ditt eige blod, lev.» Eg sa: «Du som ligg i ditt eige blod, lev!»

7. Eg gjorde deg talrik som blomane på marka. Og du voks og vart stor, du vart strålande vakker. Brysta vart faste, og håret voks. Men du var naken og berr.

8. Då eg gjekk framom, fekk eg sjå at tida di var komen, tida til å elska. Då breidde eg fliken av kappa mi over deg og skjulte den nakne kroppen din. Eg svor deg truskap og gjorde pakt med deg, og du vart mi, seier Herren Gud.

9. Eg vaska deg med vatn, skylde blodet av deg og salva deg med olje.

10. Så kledde eg deg i fargerike klede, tok på deg sandalar av fint skinn, batt lin om hovudet ditt og sveipte deg i silke.

11. Eg pynta deg med smykke, gav deg armband på handa og kjede om halsen.

12. Eg gav deg ring i nasen, ringar i øyra og ei vakker krone på hovudet.

13. Så pynta du deg med gull og sølv og kledde deg i lin, silke og fargerike klede. Du fekk fint mjøl, honning og olje til mat. Du vart svært, svært vakker. Du fekk kongeleg rang.

14. Mellom folka gjekk det gjetord om din venleik, for han vart fullkomen av alt det praktfulle eg gav deg, seier Herren Gud.

15. Men du var trygg på din venleik, du dreiv hor på ditt rykte. Du baud deg fram som hore til kvar og ein som kom forbi, og han fekk deg.

Les hele kapitlet Esekiel 16