Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 14:2-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Då kom Herrens ord til meg:

3. Menneske, desse mennene har gjeve avgudane rom i hjartet, dei har sett framfor seg det som får dei til å falla i synd. Skulle eg då la dei be meg om råd?

4. Difor skal du tala med dei og seia til dei: Så seier Herren Gud: Om ein eller annan av Israels hus gjev avgudane rom i hjartet og set framfor seg det som får han til å falla i synd, og så kjem til profeten, då skal eg, Herren, svara han og dei mange avgudane hans som fortent.

5. Slik grip eg israelittane om hjartet, alle dei som har svikta meg med avgudane sine.

6. Sei difor til Israels hus: Så seier Herren Gud: Vend om! Vend dykk bort frå avgudane og vend dykk bort frå alt det avskyelege!

7. Om ein eller annan av Israels hus eller innflyttarane i Israel skil seg frå meg og gjev avgudane rom i hjartet, og set framfor seg det som får han til å falla i synd, og så kjem til profeten for søkja råd frå meg, då skal eg, Herren, sjølv svara han.

Les hele kapitlet Esekiel 14